torsdag 15. oktober 2009

Oppfordring.BRUK REFLEKS !!

Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på…

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!


Hentet fra denne siden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar